Midt
i Rosendal`s unike kultur og historie-landskap -nær fjell, fjord
og hovudveg
Redaktør
og disponent i 20 år Knut Hass
Avisgunnleggjaren Olav Aurvoll var sjølvlært redaktør, typograf
og trykkjar.
Rosendal
Motel held til i det 35 år gamle avishuset til lokalbladet Grenda
som har 50-års-jubileum i 2001.Det var avisgründaren Olav Aurvoll
frå Sunnmøre som kom til Rosendal og starta Grenda i 1952. Først
i kjellarlokala til Rosendal Gjestgiveri, der no Gjøa Pub held
til og seinare i eige forretningsbygg på Malmanger der avisa framleis
held til.
Etter Olav sin bortgang var det Knut Hass som overtok rolla som
"grendamannen". Knut hadde redaktør og disponent-ansvaret i 20
år fram til avisa vart seld ved årskifte 99/2000.
I år 2000 flyttar lokalavisa over til Folgefonn Næringshage som
er etablert i den vel 100 år gamle Kvinnherad Ullvarefabrikk nokre
hundre meter unna.
Etter som innføring av datasystem i avisproduksjonen førde til
minkande plassbehov, byrja vi så smått med romutleige i 1990 i
det 700 kvm. store huset. Vi er no kome opp i 7 rom. Når avisa
er flytta, har vi som mål å koma opp i 15 rom ved å ominnreia
heile huset.
I Grenda-huset er det elles ein moderne frisørsalong.
Gjennom åra har det vore kontor for Kvinnherad Kraftverk, Kvinnherad
Trygdekontor, og distribusjonskontor Rosendal Postkontor i tillegg
til rom og utstyr for avisproduksjonen. M.a. har det vore eige
avistrykkeri og trykkeri for framstilling av vanlege trykksaker.
Grenda var den første lokalavisa i Hordaland som fekk eige offset
rotasjons-trykkeri.